Untitled
Nytt / heimNytt frå SJFF

Kvinnejakt på Hardangervidda

Ja du las rett, men det var ikkje kvinner det vart jakta på. Helga 13 - 14 okt arrangerte NJFF- Hordaland rypejakt for kvinner på Hardangervidda.


Kari og Zico på Hardangervidda.


Karina og Ronja

Anneli med Zico

Godt med ein pust i bakken for store og små.

Instruktør Anders Lunde til høgre.

Zico er snart klar for nye opplevingar...

Kari og Zico på Hardangervidda..

Tre kvinner frå Stord og to unge fuglehundar stabla seg saman i bilen og rulla avgarde til Liseth, heilt vest på vidda. Der vart me innkvartert i koselege hytter. Saman med rundt 30 andre jaktglade kvinner frå heile landet, fekk me ein gjennomgang av programmet for helga av fem dyktige instruktørar frå Bergensdistriktet. Siri Torpe frå NJFF-Hordaland var kurshaldar, primus motor og instruktør. 

Laurdagen vart me delt inn i fire grupper. To av gruppene gjekk med hund og to av gruppene skulle prøva seg som støkkjegerar. Dei gruppene som skulle jakta med hund køyrde opp til Dyranut og gjekk innover derifrå. Støkkjegerane køyrde innover Isdalen og gjekk derifrå. Det vart ein lærerik dag for oss alle, sjølv om tåke og regn sette sitt preg på dagen og kanskje på fangsten. Me hadde gode instuktørar på hundefronten i Siri Torpe og Kirsten Linden. På støkkfronten var Karl Halland og Kjell Rune Haugland gode instruktørar.

Søndagen vakna me til atter ein dag med regn og tåke. Fjellet skulle likevel reinskast for fugl, så me tok med oss hagler og noko varmt i termosen og traska avgarde. Det vart ein utruleg lærerik dag med ein fantastisk instruktør, Anders Lunde, som lærte oss ferske jegarar med enno meir ferske hundar, utruleg mykje.  

Me håpar på meir vekt på sekken neste gong me kjem heim med hagla over skuldra...


Søk
Reisebrev frå New Zealand


Reisebrev frå New Zealand!

Fiskerapport
Sjå fakta <")))><...

Jaktrapport
Sjå fakta...

Terminliste
Her finn du terminlista for leirduebanen - 09

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

N/A! - Norsk

Logg inn