Untitled
Nytt / heimNytt frå SJFF

Fluefiskeseminaret på Stord

Den 2-4 mars gjekk årets største fiskebegivenhet, fluefiskeseminaret av stabelen på Stord. Arrangementet hadde fått 25 forhåndspåmeldte fra Molde i nord til Sandnes i sør som skulle bu på hotellet i tillegg til dei 5 foredragsholderene.


Seminaret vart fredag opna av Pål Krogvold med tema ; Eit fluefiskeår. Laurdagen vart følgt opp med temaer som havabborfiske, laksefiske, fluebinding og tropisk fiske der foredragshaldarane Vidar Lunde, Arild Blomfeldt, Pål Krogvold , Runar Kabbe fekk presentert sine tema, og nok satte mange draumer i hovudet på deltakarane.

Programmet var lagt opp til med 1.5 times foredrag med ein halvtimes pause, men dette viste seg og vera vanskeleg og halda tida på, då både deltakarane og fordragshaldarane var topp engasjerte.
Fluefiske var temaet rundt middagsbordet også og etter at Pål
Krogvold hadde avslutta med laurdagens siste tema; Tarponfiske med flue i Florida. Mange vart igjen i hotellbaren til langt på natt der sikkert mange hemmelege vatn og fiskeplasser vart røpte.

Søndagsprogrammet vart starta kl 09.00, noko som var vèl tidlig for nokon av deltakarane. Første foredragsholder for dagen var Runar Kabbe med fluebinding av sjøaure -og havabborfluer. Temaet etter var praktisk workshop om fluesnøre ved Øystein Aas, eit tema som engasjerte deltakarane slik at lunsjen måtte utsettes nesten 45 min.  Dei siste to temaene med sjøaurefiske ved Kabbe og Blomfeldt måtte kortas litt ned og tas utan noko pause mellom.

Fluefiskeseminaret på Stord var lagt opp som ei ″samling″ for alle fiskeinteresserte i regionen. Arrangementet vart lagt til hotell pga. enklare overnatting og bevartning, og kort vei til lokaler og møterom.
Prisen på arrangementet var lagt opp med mange prisalternativ slik at deltakarane kunne velge om dei ville ha overnatting, bevartning, eller kun foredrag.

For at seminaret skulle vera interessant nok og for å få tilreisande til Stord måtte me velge gode annerkjente foredragsholdere som trekker folk.
Alle foredragsholderne tok mindre godtgjersle enn vanlig for å støtte opp om arrangementet. Dei godtok og reise på billigaste alternativ for å holde kostnadene låge.
Sjff var avhengig av støtte fra kommune og næringsliv for å iverksette seminaret og me var veldig imponert over den støtte og fortståelse mange gav oss til seminaret. Dette i sammen med god dugnadsånd gjorde at fluefiskeseminaret Stord 2007 vart ein kjempesuksess som vart lagt merke til i sportsfiskermiljøet over heile landet.
Sjff har hausta mykje skryt og ros, og inspirasjonen er difor stor nok til at me vil prøve og få til eit lliknande seminar vinteren 2008.

Sjff takkar for all støtte i samband med Fluefiskeseminaret Stord 2007.

For sjff Vidar Lillevik.

Søk
Reisebrev frå New Zealand


Reisebrev frå New Zealand!

Fiskerapport
Sjå fakta <")))><...

Jaktrapport
Sjå fakta...

Terminliste
Her finn du terminlista for leirduebanen - 09

Tips oss!
Send ein e-post om du har eit tips om noko vi bør skriva om...

N/A! - Norsk

Logg inn